Lenes verden

Dette er ein blogg.

Tuesday, February 28, 2006

Europakartet


Kunnskapene mine om Europeisk geografi ligg på rundt 80 %.
(basert på sheppard software sitt geografispel)

Eg øver og øver og øver, men eg kjem liksom aldri heilt til 100. Til å begynne med syns eg det var litt flaut. Men når eg tenker meg om så er det lett å forsvare.

Altså. Kem veit kor disse små prikkene som Andorra, San Marino, Lichtenstein o.l skal plasseres?
Og kem veit egentlig forskjellen på Slovenia og Slovakia?
Det eg er mest fornøyd med er at eg no tar Baltikum-landa uten å tenke meg om. Benelux landa treff eg sånn ca annakvar gong.

Det eg egentlig trur er det store problemet er at landplasseringa går på tid. Tidtaking har alltid stressa meg. Er nok derfor eg aldri blei noko stort innanfor friidrett.....

Sjekk dine geografikunnskaper:
http://www.sheppardsoftware.com/

Thursday, February 23, 2006

Due-død!

Ser de denne raude containeren?

I denne containeren kan 5000 kyllinger gasses i hjel samtidig, dersom det skulle bryte ut fugleinfluensa.

Eg har et forslag:
Siden det enda ikkje har brutt ut fugleinfluensa (bank i bordet) så vil eg låne denne conataineren i Bergen og prøve den ut på 5000 duer. It's a win-win- situation. Man får prøvd ut at den faktisk virker - og man blir kvitt disse flyvende rottene som forpester bybildet i Bergen.


Tuesday, February 21, 2006

Eksamen? Neida! Ikkje i år!



Når eg ser ut på den knallblå himmelen i dag, samtidig som eg koser meg med OL og kaffi på kontoret, så går tankene mine til my fellow Jussfolk som eg har forlatt for ein liten periode!

Dei skal nemmelig ha eksamen på torsdag dei :) Det skal ikkje eg! Har vel aldri vært meir fornøyd med at eg valgte å opptre som studentpamp et års tid enn no!

Når eg tenker meg om har eg vel meldt meg opp til ein neste onsdag.... Jaja. Var bare for å få studentrabatt i år også det...

LYKKE TIL FOLKENS ;)

Tuesday, February 14, 2006

Svenskefaen.

Grrrrrrrrr.........

Et gull til svenskane fekk meg faktisk til å smila, og eg synes det var litt kjekt faktisk. Koselig for de stakkars svenskene. Når dei tok gull på herresprinten og - då blei eg rett og slett forbanna.

Om ikkje Ole Einar vinn no så blir eg lei meg.
Eg e redd eg kjem til å skade Mari og Martin om ikkje vi får gull i dag.

Sunday, February 12, 2006

OL !


OL e skikkelig gøy!

Eg kjenner patriotismen blomstre om dagen. Eg elsker dette arrangementet som gir Norge ein anledning til å hevde seg internasjonalt. Drit i turneringar som Fotball VM, Sommar OL (kvasi-OL). Det er Vinter OL som betyr noko.
Til vanleg synes eg lusekofter og kubjeller er skikkelig harry. Når det gjeld Vinter OL synes eg det er heilt på sin plass, og ville gjerne vore med sjøl.

Eg husker OL på Lillehammer som om det skulle vore i går. Kvar einaste kveld sat eg med nåken rare store pappbriller for å sjå dagens høgdepunkt i 3D format. Eg såg absolutt ingen forskjell, men veit eg synes det var grådig stilig likevel. Eg husker me hadde vinterferie to veker dette året. Og det skulle då berre mangle. No til dags har dei ikkje vett til å legge den eine vinterferieveka i forbindelse med OL ein gong.

Personleg synes eg at me kan kutte ut alle disse idiot-helligdagane me har resten av året, og samle dei opp til dei 16 OL- dagane kvart fjerde år. 2. juledag, 2. påskedag, himmelspretten. Disse "helligdagane" er likevel berre ein dårlig unnskyldning for late nordmenn til å ta seg fri frå den harde 7,5 timers arbeidsdagen. Så korfor ikkje samle dei opp og bruke dei litt meir konstruktivt? Dei som mot all formodning ikkje er interessert kan bruke vekene til å reise på Harrytur til Sverige eller Gran Canaria.

Takk og lov for at eg får ta med meg TV på kontoret.
Ein ting til; Er det bare meg eller e Ole Einar Bjørndalen (uten slev) skikkelig sexy???

Wednesday, February 08, 2006

Stemmeskifte og "jenteloven"


I går valgte eg å la meg underholde av 10. Klasse på Lindås ungdomsskule framfor "kunnskapsminister" Øystein Djupedal.

Denne gangen var det minstebror Stian sin tur til å stå på scena under den tradisjonelle "musicalen" på Lindås ungdomsskule.
Må sei eg blei ganske nostalgisk av å besøke ungdomsskulen og tenke på at det er 7 år siden eg stod på scena og sang Trond Viggo og Beatles. Men visse ting er ved det samme.

Eg blir så imponert av dei "tøffe" guttane som for ein kveld legg snusen vekk og prøver å sjarmere jenter, mor og bestemor med de sprakende stemmene sine. Når oddsen for at stemma sprekk på annakvar tone høgare enn G, så er det tøft gjort å stille opp.

Så har vi jentene. Disse stakkars jentene som egentlig bare kan glede seg til at denne perioden av livet er ferdig.
Fine stemmer, for all del, men nåde den som prøver å utmerke seg med bevegelser eller lignende på scena. Skal du først vise deg fram på scena så får du jammen meg huske på og sjå ned i golvet å synge så stille som mulig. For om du prøver å gjere noko ut av deg så sitt det ein heil mobb av likesinnede i salen som bare venter på at du skal drite på draget slik at dei har noko å snakke om resten av veka.

Eg e så utrulig glad og takknemmelig for at eg aldri meir skal vere jente på ungdomsskulen.

Saturday, February 04, 2006

Eg undrast...

Familien min består av ein del hobbyfilosofar.

Eg anser meg sjøl som ein heller moderat kvardagsfilosof. Der andre spør, kor slutter verdensrommet, der spør eg: Kor e internett?

Dette er et heilt alvorleg spørsmål! Alle ler av meg når eg stiller det, men ingen har enda gitt meg et tilfredsstillende svar. Fordi ingen KAN svare!
Eg slår meg ikkje til ro med forklaringar som "signaler som svever i verdensrommet". Eg vil ha eit konkret svar.
Inntil eg får det heldt eg fast på teorien min om at internett e den rare maskina i LOST...

Thursday, February 02, 2006

Når flyselskap tar pengane mine...

I går blei eg skikkelig sint.

For et år siden hadde eg plutselig ganske masse penger. Dette førte til at eg tok ein liten tur til syden. Blid og nøgd bestillte eg flybilletter til over internett. Dum som eg er rekna eg med at Norwegian ville ha pengane sine og trakk dei frå kontoen min sånn relativt kjapt.

Då tok eg feil.

I går (!) ET ÅR ETTERPÅ, når kontoen er skrapt, finner Norwegian ut at de skal trekke pengene eg hadde gløymt eg hadde brukt for lenge siden.
Alvorleg talt! Tenk om det hadde vore omvendt! Om eg hadde venta med betalinga til et år etterpå?

Det er bra eg ikkje er noko "boikott-tilhengar", for då hadde eg fått ordentlige problem med å fly i dette landet.

Nei, det er forskjell på Kong Salomo og Jørgen Hattemaker...................

Ka eg får til!



Etter å ha nikka og smilt og lata som om eg visste ka folk meinte då dei snakka om bloggen sin, har eg omsider kome meg inn i bloggverden sjøl.

Om nåken lurer på korfor det er et bilde av Robbie Williams her, så er det for at
eg må sjekke litt funksjoner og sånn. Yeah right.