Lenes verden

Dette er ein blogg.

Wednesday, September 27, 2006

Nina sin sang

I går var eg og Nina på konsert på Garage med Asle sitt band, Revolver Session. Konserten var veldig bra, og eg ser kvifor Nina syns det e gøy å ha kjæreste som spiller i band.

Nina har nemmelig fått sin egen sang!! Og ikkje ein kvalm klissete kjærlighetssang, men ein "rock and roll", ordentlig sang.

Eg og vil ha ein sang!
Eller i allefall ein liten limerick om ikkje anna?

Wednesday, September 20, 2006

"Du fortjener ca. 200 kroner i ukelønn."


..... Det var resultatet mitt etter at eg tok testen til BT.
http://www.bt.no/incoming/article298248.ece


Einaste feilmargin er at alternative aldersgrupper berre gjekk opp til 16-18 år. Siden eg er 23, betyr vel det at eg fortjener meir?

Tuesday, September 19, 2006

Heimeeksamen.....

Internett sider som ikkje burde finnes når ein sitt på kontoret 12 timer for dagen med jobb og hjemmeeksamen, og egentlig bør bruke kvart einaste minutt til noko konstruktivt:

- VG - det kan jo hende det har skjedd noko nytt den siste halvtimen?
- STARTOUR - og poenget med å sjå etter restplasser denne veka er...?
- NETTHANDELEN- Tenk om det dukker opp noko eg har skikkelig bruk for
- SHEPPARD SOFTWARE- Det hadde jo vore for gale om eg plutseleg hadde gløymt ut kor alle statane i usa ligg akkurat denne veka.

Thursday, September 14, 2006

Må ha ein skrittellar



La meg først sei at eg hadde forbanna meg på at eg aldri skulle kjøpa meg ein, men problemstillinga får ein jo til å tenka. Kor mange skritt går eg egentlig i løpet av ein dag?

Slike skrittelleleikar er jo like undervurdert som kor lenge du kan holde pusten- leikar.

Underforstått så tok nysgjerrigheten meg, og eg har heile veka jobba med å tella skritta mine til og fra jobb.
Dette har vist seg å by på forskjellege problem.

1) Når eg teller inni meg og kjem opp i firehundreogsøttiseks foreksempel, så går eg skikkelig seint for at eg skal ha telt talet ferdig før neste skritt. Dette fører til at eg bruker ekstra lang tid til jobb.

2) Lyskryss. Eit forstyrrande moment som ofte fører til at eg kjem ut av tellinga. Ender ofte med at eg blir så forvirra at eg går stille på staden for ikkje å komma i utakt.

3) Treffe kjensfolk på vegen. Folk har liten forståelse for at det første eg seier til dei når eg treff dei er SEKSHUNDREOGSØTTITRE! HUSK DET!

4) Butikken. Skal eg tella med skritta eg tar når eg blir nødt til å ta turen innom butikken? Dette vil i så fall gjera det vanskeleg å rekna ut gjennomsnittet, då det ikkje er kvar dag eg stikk innom butikken, og andre dagar stikk eg gjerne innom fleire.

Om ikkje dette er gode nok grunnar til å kjøpa noko så populistisk og unyttig (men dog så interessant) som ein skrittellar, så veit ikkje eg!

Tuesday, September 12, 2006

Regjeringens beste


Tru det eller ei. Han e faktisk enda meir lekker "live".

Friday, September 08, 2006

Upassende latter!


Eg ler mykje.
Det er i og for seg ein bra ting.
Men av og til ler eg på tidspunkt der det absolutt ikkje passer seg med latter. Alle kjenner vel til "begravelseslatteren". "Gammel-dame-dettpå-isen-og-slår-seg-latteren". "Eg-har-2-timer-igjen-av-eksamen-og-er-ikkje-halvferdig-latteren"

I går klarte eg og finne enda ein rar plass å le på. Meg og Nina var på Kino og såg "United 93". Ein heilt grei film forresten. Eg tok meg i å synes at det var spennande sjølv om avslutningen er relativ åpenbar.

På slutten av filmen etter ein veldig dramatisk kamp styrter som kjent "United 93". Og der slutter faktisk filmen. Etter den styrten blir filmen heilt stille. Og då meiner eg HEILT stille, ingen avslutningsmusikk. Kinosalen er tyst- bortsett fra meg som brest ut i latter. Klarer ikkje stoppe.

Eg spurte ei litt flau Nina om ho kanskje trudde at dei andre i salen trudde at eg grein. Tvilsomt.
Dei trudde vel eg var medlem i SU...

Thursday, September 07, 2006

Nyttige google

Dersom du skriv inn "sykelønnsordning+idiot" på google sin søkemotor så får du 46 treff.

Dersom du skriv "Bjarne Håkon Hanssen+idiot" får du 555 treff.

Dersom du skriv inn "Lene Fløysand+idiot" får du 2 treff.

Alikevel sover eg dårlig for tiden!

Bare sånn på gøy; "Aylar+idiot" gir 893 treff. Du nærmer deg Bjarne Håkon. Du nærmer deg.

Monday, September 04, 2006

I hate Mondays

Når ein vaknar lørdag morgon med ein hjulkapsel i senga og olje i håret, blank i hukommelsen, så dukkar det ei rekke alternativ opp i hovudet.

1) Eg har prøvd å skifta/stjela dekk...
2) Eg har prøvd å stjela ein bil...
3) Eg har kanskje fiksa den ledningen til spylevæska i natt?
4) Eg har prøvd å få med meg ein bilmekanikar heim...

Det beste alternativet

5) Slutt og drikk og begynn å oppfør deg som eit normalt vakse menneske.

Neeeeeh!