Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, April 27, 2006

What???


Eg har lenge vore på jakt etter ein god gamaldags vaskeball som eg kan putta Milo oppi og vaska ullkleda mine. Etter iherdig leiting i samtlege matbutikkar, har eg enno ikkje funne ein.

Eg sendte difor mail til Lilleborg der eg etterspurte vaskeballar i butikkane. Her er svaret eg fekk:

" Hei og takk for henvendelsen din. Vi viser til din henvendelse vedr. vaskeball. Lilleborg anbefaler ikke lengerbruk av vaskeball. Vaskemidlet (pulver og flytende) bør doseres rett idoseringskammeret, og ikke gjennom bruk av vaskeball. Grunnen er at nyerevaskemaskiner har et lavere vanninntak enn tidligere, og bruk av vaskeball kanmedføre at vaskemidlet lettere blir liggende uoppløst på tøyet i stedet for åbidra i vaskeprosessen. Ved å dosere direkte i doseringskammeret vil vaskemidletfordeles godt i vannet før det kommer i kontakt med tøyet og dermed sikre enjevn fordeling av vaskekraften og en optimal rengjøring av klærne. Vennlig hilsenLilleborg Forbrukerservice "

HALLO??? Lilleborg kan ikkje berre slutte å dele ut vaskeballar på den måten! Tenk på alle dei husstandar i Noreg som framleis brukar vaskeballar i god tru. Om Lilleborg plutseleg finn ut at vaskeballar er "ut", så tykkjer eg Lilleborg skal sende ut brev om dette til kvar einaste husstand i Noreg og informere om dette. Det bør ikkje vera forbrukars ansvar og aktivt anskaffe seg informasjon om kva som er "in" innan reingjering til einkvar tid.

Eg kjem uansett til å forlange at Lilleborg sender meg personleg ein vaskeball avdi eg har ei gammal vaskemaskin og ikkje veit kva kammer i maskina flytande Milo skal puttast i.

Tuesday, April 25, 2006

Overskriftshelvete

BA imponerer stadig vekk med nykomponerte ord.

Bare i dagens utgave har eg lært meg desse; men korleis dei skal tolkast sånn ved fyrste augekast er heller usikkert..

Tandemruss; Hmmmm..... Tolk det den som vil.
Naken-finne; Seier seg vel sjølv.
Trusselpappa; Denne lurer eg på. Om eg seier at pappaen min er sterkare enn din, har Pappa då blitt ein trusselpappa?
Boss-late; Eit sjølvsagt ord om bergensarar som ikkje plukker opp driten etter seg.
Gimlegull; Blir eit sjølvsagt substantiv når bergenslag vinn junior NM i basket.

Litt meir øving no så er BA på nivå med Se & Hør når det gjeld irriterande overskrifter. Eg saknar litt meir bokstavrim og dobbelbetydningar, men for all del- bra jobba BA.

Tuesday, April 18, 2006

Butikkhumor...


Denne påsken har eg vore heima og jobba på Butikken etter gammalt.

I den forbindelse har eg ei oppfordring til alle butikk-komikarar der ute. Vitsane dykkar er ikkje morosame, så SLUTT!

Her er nokre strålande eksempel. Det går ikkje ein dag utan at desse klassikarane dukkar opp.

- "Vil du ha pose?"
- "Ja, eg får det nok ikkje med meg i lommene"

Nei, det trudde eg då heller ikkje, men sidan posar kostar pengar, så hadde det vore frekt av meg å ta betalt for varer du ikkje ville ha. DIFOR SPØR EG FØRST!

Så, ein anna go`bit.

- " Vil du ha kvitteringen?"
- " Nei, eg får ikkje pengar att på skatten! (humre humre)"

Eg er fullstendig klar over at dei færraste kan skriva av matvarer på skatten sin, men eg spør i tilfelle du er ein av dei personane som skriv rekneskap, eller skal dobbeltsjekka at eg ikkje har tatt betalt for ein melk for mykje.

Og sist men ikkje minst:

"Eg vil ha ein lotto. Med gevinst" (ha ha ha)

ALVORLEG TALT! Hadde eg hatt evnen til faktisk å laga lottokupongar "med gevinst", så hadde eg vel laga ein til meg sjøl for lenge sidan, og ikkje stått her og jobba i ferien min???

Takk til skule og ungdomslag som har lært meg skodespelarkunsten. Sjølv om eg ikkje kom meg på Nationalteateret, så lovprisar eg dykk kvar gong eg set meg i kassen på butikken.

Friday, April 14, 2006

Bursdag!!!


Eg har bursdag i dag! 23 år er eg blitt. Høres frykteleg voksent ut.

Om nokon spurde meg for ti år sidan om kor eg trudde eg var i livet mitt når eg var 23 år gamal, så ville eg nok svart; Gift, to barn, eget hus, og ferdig utdanna...

Ligg litt bak skjema kan ein sei!

Forferdeleg upraktisk å ha bursdag i påskeferien. Alt for lite oppmerksomhet.

Må ta det igjen med ein fest neste helg. Så om de trudde de slapp unna med ppresanger pga påskeferien, sorry mates ;)

Monday, April 10, 2006

Finn namn til Katt


BA har i desse dagar ein idiotisk konkurranse som går ut på å finna namn til ein nyfødt kamel.

Eg har ein viktigare konkurranse.
Katten min er to år, og den ber framleis namnet "katt". Mykje av grunnen til dette trur eg ligg i dårlig erfaring når det gjeld kattenamnsetting. Mora til "katt" måtte plutseleg skifte namn frå Bob Kåre til Buffy då "katt" blei fødd.

Eg vil difor oppfordre alle til å komme med namneforslag til "katt". Og for guds skuld, ver meir oppfinnsam enn han som tenkte ut "Kamelen Krekar".

Det dykk treng å veta om "katt" er at han er ein gut, grå, og ser ellers ut slik kattar brukar å sjå ut. Har ikkje bilete av han då eg berre tek bilete på ferie og fest. "Katt" har ikkje vore med på noko av delane.

Vinnaren vil ikkje bli premiert. Forslag kan i verste fall bli tatt med vidare når eg skal finna namn på mitt framtidige barn. Er vel for gale om eg skal kalla det "baby" fram til det er to...

Friday, April 07, 2006

Til kamp mot storskulen?



Eg har lagt merke til at visse Høgrepolitikarar er svært engasjert i kampen mot nedlegging av prestisjeskulen Bergen Handelsgymnasium.

At Høgre endelig ser verdien av å oppretthalde små skular synes eg er flott! Eg vil faktisk stille meg langt framme i køen av dei som vil kjempe mot fleire storskular!

Men eg blir liksom ikkje heilt kvitt denne uroande følelsen av at det ikkje akkurat er representativt for Høgre sin framtidige politikk når det gjeld samanslåing og nedlegging av skular…

Kan dette engasjementet ha noko å gjera med at det her er tale om ein eliteskule som i stor grad utdannar framtidas kapitalistar? Eller hadde engasjementet frå unge høgrepolitikarar vore like stort i resten av Hordaland der skular står i fare for å bli nedlagt?

Om Høgrepolitikarar har planar om å fortsette kampen mot storskular skal eg bukka djupt i respekt og vørdnad.

Dersom Høgre avgrensar kampen mot sentralisering til innanfor bompengeringen i Bergen, så bekreftar det mitt syn om at Høgre framleis er eit parti for eliten, altså sånn ca 5 % av Noregs befolkning. ( Dei resterande 4,9% høyrer til ”wannabe-eliten”)

Uansett – Lukke til i kampen mot Storskulen!

Tuesday, April 04, 2006

KOM HEIM IGJEN MARTIN!!!!!!


Martin har reist til Thailand!

Vår kjære organisasjonssekretær har forlatt oss for tre veker!

I dag var min første dag på jobb uten Martin. Det gikk skikkelig gale...

- I dag tidlig fikk eg alarmen til å gå tre ganger på kontoret.
- Då det var i orden, så låste eg meg og Hermund og Mari ute fra kontoret sånn at Securitas måtte komme, enda ein gang...

Det er sant som dei seier. Du veit ikkje kva du har før du må unnvære det.