Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, July 15, 2010

10 positive ting med denne sommarens vèr!

1)  Treng ikkje bekymra oss for å gå tom for vatn i brønnen!
2)  Slepp å gå med bikini i offentlighet! (Kroppen vart ikkje bikiniklar, berre badedraktklar, og sjølv om det er moderne i år så ser det rett og slett teit ut)
3)  Kan sjå søppel TV midt på dagen med GOD samvittighet.
4)  Kan utsetta å mala huset, luka ugras, og andre kjedelige uteting.
5)  Hunden er IKKJE interessert i å vere utendørs, så slepp dårlig samvittighet for å ikkje gå lang tur med han.
6)  Ingen forventer at du skal vere solbrun. (Enkelte av oss blir faktisk bare offwhite)
7)  Får ikkje SÅ lyst på utepils når det regner, noko som er ein fordel når du ikkje er på talefot med karbohydrater.
8) Du får motivasjon til å faktisk spara til sydentur neste år....
9) Du treng ikkje barbera leggane og "sånt"  så ofte som du burde gjort!
10) Du får bedre tid til å lage sånne teite lister.

Friday, July 09, 2010

10 ting som plager meg med Twilight

Etter å ha hatt besøk av mi kjære niese på 11 år i to veker, så har eg hatt den "glede" av å ha fått sett dei to første twilightfilmane. Som oppladning til den tredje som ho skulle sjå på kino. Eg sendte ho og Stian mens eg var på jobb :-D

Ok. Listo.
1) Heilt seriøst. Han e krittkvit, og augene lyser nesten rødt. Har du ein sånn i klassen, så bare VEIT du at det er ein vampyr. Herlighet. Visst han faktisk hadde vore interessert i å "skli inn" så hadde ha tatt litt solpudder på seg. Bare litt.

2) Belle. Makan til grinete emo- kvinnfolk skal du leita deg gjennom mange tenåringsfilmar  for å finna altså. Eg har lyst å rista ho, gje ho vitamintilskudd og putta ho i et solarium.

3) "Kjærleiken". Etter å ha kjent kvarandre i tre og eit halvt minutt så kunne dei ikkje vera frå kvarandre uten at dei var villig til å ofra både liv og sjel for kvarandre.  Nope. Sånn fungerer det ikkje. Ikkje blant menneske, og tvilsomt blant vampyrar.

4) Ansiktsuttrykket til Belle. Ho har berre eit. "Needy og deprimert"

5) Varulv - vampyr greiene. Ka e oddsen for at du først forelskar deg i ein vampyr, og deretter i ein varulv? Haha. Eg ler.

6) Belle.

7) Belle

8) Belle

9) Belle

10) At eg etter å ha sett dei to første (og eg hata dei- eg lover) så veit eg med meg sjølv at med ein gong den filmen kjem på viasat, så kjem eg til å sjå den tredje også :-(

Thursday, July 08, 2010

Hei Gry!


Dette blogginnlegget dedikerer eg til min elskede veninne, Gry! Til tross for at ho har funne seg ein kjekk mann, ein kjekk jobb, har ei nydeleg dotter, er blitt profesjonell idrettsutøvar, så var det liksom nåkke som mangla i livet hennar. Bloggen min. Tydeligvis. Først så tenkte eg at eg skulle laga ein ny. Eg har jo nytt navn og alt mulig sånn. Men så kom eg på at kanskje visst eg fortsatte med denne, så kan oldebarna mine ein gong i framtida lesa om livet mitt frå og med 2006 og fram til no. Så kan dei lura felt på ka som skjedde mellom 2007 og 2010. Det hender no rett og slett at eg tar meg i å lure på eg også. Håper bare at internett fins når eg har oldebarn. At det ikkje blir bytta ut med noko anna mystisk. Shit. No skremte eg meg sjølv.

Thursday, January 15, 2009

Blogging again?

Oooo. Dette er nesten som eksamen. Skikkelig nervepirrande. Det er vel nesten to år siden eg sist blogga noko. ( Er blogga fremdeles eit verb forresten, eller er det skikkelig 2006?)

Facebook tok liksom over, men eg har jo innsett at facebook bare er ein arena der ein spionerer på 400 av dei nærmaste vennane sine, kem e sammen, kem e gravid, kem har slått opp, som FOR ALL DEL er veldig nyttig informasjon, men det er ikkje ein arena der ein ytrer meininger og kvardagsanekdoter som resten av verden klarer seg strålande fint utan.

Så no skal eg inn på facebook å skriva Lene Fløysand Sylta is blogging again. Sjå på det som eit sosialt eksperiment. Om nokon andre enn Ingrid Janne legg igjen ein kommentar her, så skal eg fortsetta ;)

Friday, April 27, 2007

OK DÅ!

Eg hadde egentlig glømt heilt denne bloggen eg.

I blame Facebook.
Og Stian.
Grunnen til at ingen har sett meg de siste månedene er fordi eg har hatt fri frå skulen pluss et par andre faktorar:

Siden sist så har eg egentlig tilbrakt mesteparten av mine våkne (og sovende) timer med Stian. Og det er eg veldig fornøyd med :).

Eg har blitt 24 år gammal.

Eg har flytta ut på landet igjen.

Av ein eller anna merkelig grunn så er det mine medsammensvorne i Senterpartiet som rynker mest på nasa av at eg har flytta på landet igjen.
Til dykk har eg berre ein ting å sei:
SHUT UP!!! Eg gjer politikken vår om til praksis og desentraliserer meg sjølv!!! Hadde fleire gjort det så hadde verden vore ein betre plass!!!

Dessuten pendler eg med kollektiv transport.