Lenes verden

Dette er ein blogg.

Sunday, February 04, 2007

Trendy fjell?



Eg las i VG at "nå er fjell blitt trendy".
Seriøst?
Fjell er vakre, storslåtte og mykje, mykje meir. Men fjell er ikkje trendy.
Er det liksom meininga at alle Caffe Latte- drikkarane skal bytta ut kafè-stolen med den Norske fjellheimen berre fordi det er trendy? For det gjer dei faktisk. Rett på G- Sport for å kjøpa dei nyaste Bergansjakkane og blomstrete turstavar.

Går det an å ha med seg Caffe Latte på termos? Og kjem dei til å ta med seg sjokolade frå Moliere i stadenfor kvikk lunch?

ARGH! Eg blir gal av slike trendkåte folk. Sånne som kjøper sofaputer og potteplantar for at dei skal snakka i lag. Som har abstrakt og moderne kunst på veggen. Det er ein svart strek på eit kvitt lerret. Det har alltid vore ein svart strek på eit kvitt lerret, og det kjem alltid til å vera ein svart strek på eit kvitt lerret. Streken har ingen skjult agenda eller hemmelig bodskap. Streken vil ikkje fortella deg noko. Det er ein svart strek.

No skal eg snart ta på meg spygrøne støvlar og ein fleecejakke kjøpt på Obs`n og gå ut på tur i skogen. Kanskje den blir trendy neste år.

"Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til."
- Olav Duun

10 Comments:

  • At 2:46 PM, Anonymous Anonymous said…

    azzå...stemmer du ikke Høyre lizzom ;p?

     
  • At 2:56 PM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Ver stille og drikk Caffe Latten din, unge Bolstad!

     
  • At 1:42 AM, Blogger Stian said…

    Eg er mållaus.

    TQ

    Stian

     
  • At 10:38 AM, Blogger Kjetil Vevle said…

    EG er heilt enig fløysand...

     
  • At 12:38 AM, Blogger Monica said…

    "Hvis nogen gav mig valget mellem at bli skutt og at bestige den mysosten (altså fjellet; red.anm), saa vilde jeg uten betænkning svare: skyt!"

    Carl Hall

     
  • At 11:23 AM, Anonymous Anonymous said…

    Nævdal-Bolstad.......;p

    Og den "unge" har jeg vel hørt før i et skandaløst angrep i BA:D

     
  • At 5:57 PM, Anonymous Anonymous said…

    Eg leve fortsatt i håpet om at nåke fornuftig ska bli trendy eg. No meine eg ikkje å adoptera unga å sånt sånn som Madonna drive på, da e eit litt viktigare valg enn som so. Men eg meine resirkulering, å satsa på kollektivtrafikken, billigare boligprisa for studenta og å stemma senterpartiet. Da hadde vert så mykje kjekkare enn alle desse som traske rundt i fjellheimen med ein liten hund pakka godt neri LV sekken. E kje du enig UNGE Bolstad, eller hang du deg mest opp i at du virkelig fekk lyst på ein LV sekk? :)

     
  • At 8:21 PM, Anonymous Anonymous said…

    Er ikke du litt opptatt av merker og sånt ? ;)

     
  • At 11:01 AM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Bare på kildevann :)
    Og alt eg kan få gratis.

     
  • At 5:25 PM, Blogger Kristine said…

    Eg trur ikkje det går ann å ha Caffe Latte på termos. Det ville i alle fall vore rart. "Uhm. hei... No ska eg berre setja meg her å eta kvikklunsjen min å drikka Caffe Latte frå termosen min". Nei. Nei. Nei.

     

Post a Comment

<< Home