Lenes verden

Dette er ein blogg.

Wednesday, May 24, 2006

Norges mest entusiastiske statskyrkjemedlem?



I går var eg og mine kjære kollegaer på "lobbetur" til Oslo.

Turen gjekk veldig bra, og eg hadde vore ganske sikker på at resultata hadde kome om det hadde vore slik at det var dei folkvalde som fekk bestemma ting.

Stortingsrepresentantane: "Studentboligar til Bergen? ja, det må me få til", Meir pengar til studentenes psykiske helseteneste? Skulle berre mangle!" " Har studentbarnehagane for lite pengar? Huff, det må vere ein glipp".

Statssekretær i KD : " Eg ser poenget, og eg forstår godt problemet, men om det lar seg gjennomføra er vel ein anna sak..."

Men det absolutte høgdepunktet kom då vår kjære Mari Helen Varøy traff på ein framad stakkar frå "Jesu Kristi kirke av siste dagers hellige". Namnet på denne kyrkja tykkjer Mari Helen er så fantastisk moro at ho fann det naturleg å springa bort til stakkaren for å slå av ein prat.
Stakkaren augna vel at han her var i kontakt med ei likesinna, så han spurte henne så fint om om ho også var medlem av ei kyrkje.
Til dette ropte Mari høgt og tydeleg; "JA!!! Jeg er medlem av statskirka!!!!".

Eg må sei eg vart heilt satt ut. Det er første og mest sannsynleg siste gongen eg høyrer nokon entusiastisk forkynne sitt medlemsskap i statskyrkja midt på plata i Oslo.
Hadde alle medlemmer av statskyrkja vist berre ein fjerdedel så mykje entusiasme hadde debatten om statskyrkjas legitimitet vore lagt daud for godt!

Friday, May 12, 2006

Sendt feil?


I går blei eg ufrivilleg presentert for ein ny leik.

Leiken har tilsynelatande ingen reglar, og må ansjås som svært risikabel.

Leiken går ut på at "gode veninner" tar mobilen din, skriv ei vulgær melding, og sender den til tilfeldig utvalgte på telefonlista di. Ingen blir spart. Stortingsrepresentantar, køyrelærarar- ingen er hellig.

Så om du har vore så uheldig og fått ei melding som omhandlar positive prøvesvar, anale utsondringar, glidemiddel eller liknande....

DET VAR IKKJE MEG!!!!!!!!!!!!

Wednesday, May 03, 2006

DU KØDDER IKKJE MED MARTIN!!!


Eg misliker Arild Stavrum.

Til tross for at han skamroser Brann og innrømmer at de er eliteseriens beste lag, så presterer han å kalle Martin Andresen for ein bølle.

Det provoserer meg.

Mine erfaringer med Martin Andresen tilseier at han er ein av dei snilleste og mest tålmodige fotballspillerene i Norge.

Eksempel 1: Pastasentralen, Martin spiser lasagne. Eg sitter med åpen munn og nistirrer på han under heile måltidet. Martin smiler fint og seier hadet bra når han går. Kem som helst hadde blitt irritert.

Eksempel 2: Martin skal kjøpe seg hamburger på Mc Donalds. Eg følger etter han heilt til han har spist opp. Martin bare smiler.

Eksempel 3: Eg e full på byn, ser Martin Andresen, antaster han. Martin bare smiler og er hyggelig.

Og til slutt. SJÅ PÅ MANNEN! Han ser jo ut som ein liten pusekatt!

For meg har no Molde gått fra å vere et ubetydelig lite drittlag som eg ikkje har giddet å føre opp på hatlisten min ein gang. Men gratulerer Arild Stavrum, du og Molde har no inntatt 5. plassen.