Lenes verden

Dette er ein blogg.

Sunday, February 12, 2006

OL !


OL e skikkelig gøy!

Eg kjenner patriotismen blomstre om dagen. Eg elsker dette arrangementet som gir Norge ein anledning til å hevde seg internasjonalt. Drit i turneringar som Fotball VM, Sommar OL (kvasi-OL). Det er Vinter OL som betyr noko.
Til vanleg synes eg lusekofter og kubjeller er skikkelig harry. Når det gjeld Vinter OL synes eg det er heilt på sin plass, og ville gjerne vore med sjøl.

Eg husker OL på Lillehammer som om det skulle vore i går. Kvar einaste kveld sat eg med nåken rare store pappbriller for å sjå dagens høgdepunkt i 3D format. Eg såg absolutt ingen forskjell, men veit eg synes det var grådig stilig likevel. Eg husker me hadde vinterferie to veker dette året. Og det skulle då berre mangle. No til dags har dei ikkje vett til å legge den eine vinterferieveka i forbindelse med OL ein gong.

Personleg synes eg at me kan kutte ut alle disse idiot-helligdagane me har resten av året, og samle dei opp til dei 16 OL- dagane kvart fjerde år. 2. juledag, 2. påskedag, himmelspretten. Disse "helligdagane" er likevel berre ein dårlig unnskyldning for late nordmenn til å ta seg fri frå den harde 7,5 timers arbeidsdagen. Så korfor ikkje samle dei opp og bruke dei litt meir konstruktivt? Dei som mot all formodning ikkje er interessert kan bruke vekene til å reise på Harrytur til Sverige eller Gran Canaria.

Takk og lov for at eg får ta med meg TV på kontoret.
Ein ting til; Er det bare meg eller e Ole Einar Bjørndalen (uten slev) skikkelig sexy???

3 Comments:

  • At 5:27 PM, Anonymous Anonymous said…

    Du e så skjønn!

     
  • At 5:29 PM, Anonymous Anonymous said…

    Hei du! Takk gud for at du tok med tv på kontoret, nå blir det to uker med ol og ikke minst home and away! :) det er supert. Ha en fin kveld med juss-jentene dine.

    klem maripia

     
  • At 7:42 PM, Anonymous Anonymous said…

    ja det e bare dæ!!

     

Post a Comment

<< Home