Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, July 27, 2006

Mitt første stup!

I går gjorde eg mitt første stup i heile mitt 23 år lange liv.

Eg har alltid vore ein hoppar. Hoppar lett frå 10 meter, men når det kjem til stuping har eg alltid vore ei pysa. Men i går bestemte eg meg. Broren fann eit passande svaberg, eg bøyde meg ned med armane over hovudet, sikta inn sjøoverflata, og stupte.

Det var verken vakkert eller smertefritt, og latter forekom blant tilskuarane, men det var eit godkjent stup.

I løpet av sommaren skal eg stupa meir.

Punktet "Lære meg å stupe" kan dermed kryssast av på lista over ting eg skal gjera før eg dør.

Eg visste at denne sommaren ikkje kom til å bli bortkasta! Ha!

Friday, July 14, 2006

Dei små ting


Eg har gjort fullstendig heilomvending i mitt syn på sylteagurk.

Sylteagurk har alltid vore noko plagsomt eg har plukka vekk frå hamburgerene.

No er sylteagurk uunnværleg i kvardagen. Det begynte med at eg prøvde det på leverposteien. Sidan har det berre utvikla seg til å bli fast tilbehør til nesten alt pålegget på brødskjeva. Ein kan faktisk bruke sylteagurg til alt ein bruker vanleg agurk til. Ein fantastisk oppdagelse. Vanlig agurk framstår berre som tåpeleg i mine auge no. Dyrare, mindre holdbar, tiltak å skjere opp.

Eg blir så glad når eg oppdager slike små ting som gjer livet så mykje greiare :)

Friday, July 07, 2006

Dagens nedtur



I dag bråstoppa eg foran bladhylla på Hundvin Handel. På framsida av magasinet D! var det bilde av Brad Pitt og Jennifer Aniston, og overskrifta var "Sammen igjen!" Ingen spørsmålstegn- bare ei konstantering.

Eg røska til meg bladet, kjente pulsen stiga, kjente trua på kjærleiken kom tilbake - heilt til eg las kva det var. Dei hadde snakka ilag, Angelina var sjalu.

Det var det.

Saturday, July 01, 2006

F**K


.....Og der var VM slutt.




Håper Mons Ivar kan redde helga.