Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, November 30, 2006

Prinsesse for ein dag :)


Siden julebrusaksjonen min førte til at det blir produsert Lerum Julebrus i år også, så fekk eg komme til Sogndal og vere der den dagen produksjonen begynte. Eg fekk også æren av å smake den første slurken av årets julebrus!

Og sjølvsagt fekk Lerum litt ekstra oppmerksomhet for produktet sitt.
Og nok ein gang gjorde eg opptreden både i Vestlandsrevyen og diverse radiokanalar. Hjelpe meg.

Og belønninga mi -ei PALLE med julebrus. 240 store flasker med Lerum Julebrus.

Og tipp om eg e populær hos Lerum då???????

Om eg ikkje får jobb etter utdannelsen så trur eg kanskje eg skal søke i markedsavdelingen til Lerum...




Wednesday, November 15, 2006

No blir det julebrus :)


Etter ein aksjon som tok fullstendig av, så er det no klart at det kjem Lerum julebrus i butikkane i år!
Ein fantastisk seier!!! Det skulle berre seks radiointervju, eit oppslag i BT, eit intervju med Vestlandsrevyen, og godt over TOTUSEN underskrifter til!!!


Sjå ka Lerum skriv på sine nettsider:
JULEBRUSEN KJEM-
I Lerum er vi overvelda over responsen på julebrus-aksjonen. Vi er difor svært glad over at vi i dag kan fortelje at julebrusen frå Sogndal kjem i god tid før nissen, lovar Jan Petter Vadheim, administrerande direktør.
I haust såg det ut som julebrusen frå Lerum var historie. No snur Lerum, og legg seg flate for at fleire tusen menneskje dei to siste døgna har gjeve sin støtte til Folkeaksjonen for Lerum julebrus.

Juletradisjon
- I Lerum var vi ikkje klar over at julebrusen så sterkt var ein del av folks juletradisjon, på linje med pinnekjøt og ribbe. Vi er sjølvsagt glade for at det no vert laga ein julebrus som så mange har sterke og gode meiningar om. Så no vert det julestemning også for alle våre julebrus-entusiastar, seier Jan Petter Vadheim. Sidan tysdag har det hagla inn fleire hundre epost-meldingar frå heile landet. Folk skreiv og sa dei var redde for julestemninga. Noko liknande har Lerum Fabrikker aldri opplevd i si snart 100 år gamle historie.

Jublar
Den unge kvinna som står bak heile aksjonen, Lene Fløysand (23), jublar over julebrus-nyhendinga frå Sogndal.
-Ein gladmelding. No er min og mange andre sin julemiddag redda. Julebrusen er ein stor tradisjon, seier den unge jusstudenten frå Bergen.

Jan Petter Vadheim i Lerum delar synet. Han trur den storslagne
folkeaksjonen har sikra julebrusen frå Sogndal evig liv.

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR ENGASJERT SEG I JULEBRUSAKSJONEN!
NO BLIR DET JUL ALIKEVEL!!!!!!!!

Monday, November 13, 2006

AKSJONEN I GANG! SKRIV UNDER PÅ

HELVETES HANDELSSTAND! JULA ER ØDELAGT!

Lerum julebrus blir ikkje å finna i butikkane i år. Ikkje på grunn av Lerum sjølv, men på grunn av de griske store butikkjedene som allerede er godt i gang med å ødelegge jula med å sette fram pepperkaker og faenskap i oktober.
Då ryktene om at det ikkje ville koma Lerum julebrus i år, sendte eg sjølvsagt ein mail for å få avkrefta dette snarast. Eg må innnrømma at aggresjonen mot Lerum begynte å bygga seg opp medan eg sat der i uvisshet og venta på svar. Og svar kom. Det blir IKKJE Lerum julebrus i år, " Grunnen er at kjedene ikkje vil betale for våre produksjonskostnader ogdet seier seg sjølv at vi ikkje kan produsere med tap", lyder svaret.

Altså- ikkje Lerum si skyld, men den HELVETES HANDELSSTANDEN. Dette hadde nok aldri skjedd om vi bare hadde hatt samvirkelag i Norge...

Eg kjem ikkje til å la dette gå ubemerka hen, og eg vil bruka heile førjulstida mi på å klage til butikkar på at julebrusen manglar i deira sortement , brev skal sendast, underskrifter skal samlast. Eg håper ALLE som har eit forhold til Lerum julebrus vil gjera det same, så kanskje neste år vil butikkane ta klagemarsjen til følge slik at Lerum kan produsere julebrus til neste år.