Lenes verden

Dette er ein blogg.

Sunday, January 28, 2007

Lene lærer Oslo del 1

- Du gjekk ikkje gjennom slottsparken aleine om kvelden, Lene??
- Joo... Ka då?? Den e jo lys i, og det bur jo gardister i det huset rett attmed?
- Du e så forbanna dum og naiv du.
- mhm. Men eg var edru då.

Friday, January 19, 2007

Er du blitt voksen Lene?

- Skal du ikkje ut på byn DENNE helga heller, Lene??? SHIT! Er du gravid????
- Hallo?? Bare fordi eg som 23 år gammel student i Bergen velger å la vere å gå ut å drikke meg full kvar helg, og heller slappe av med ein god film og bok, så er eg nødt å vere gravid for svarte??????????
- Eh Nei..... Ka er det då? Er du blitt voksen? (Dette spørsmålet blei stilt som om det var ein mykje verre ting enn at eg skulle blitt gravid)
- Nei, eg har starta ein sunnare og bedre livsstil. Eg SLANKER meg.
- Åherregud....Er du blitt sånn derre helsefrik du og no?

- NEI! Helsa mi den drit eg i! Eg har lagt om livsstilen min fordi eg vil bli slank og lekker til sommaren! Om eg får bedre helse av det, ja så er vel det ein bonus, men det er INGEN jenter som begynner å spise sunt og trene pga helsa si. Jenter gjer det for å bli tynn! Så IKKJE tru på dei om de begynner å snakke om helse og slanking. Dei vil bare bli TYNN! Så DERFOR drikk eg ikkje. E du klar over kor mange kalorier det er i Alkohol kanskje? Og kordan alkohol fucker med forbrenningen din? Visst eg drikk i morgon, så må eg bruke heile søndagen til å springe opp og ned Fløyen, og det har eg rett og slett ikkje tid til! GREIT????

- Jøss... Dårlig dag eller?
- Ja. Den 19 på rad...

Monday, January 15, 2007

Alltid ein unnskyldning

Eg e heilt imponert over alle unnskyldningane eg kjem på for å la vere å stikke ut på joggetur.

Berre sidan eg kom frå skulen i ettermiddag har eg kome på desse:

1) Det regner. (Som det har gjort i 80 dager snart)
2) Må sjå reprisen av Hotell Cæsar.
3) Må sjå nyhetene.
4) Har nettopp spist. (Tomatsuppe, ikkje kjend for å få mykje sting av det)
5) Må sjå dagens episode av Hotell Cæsar.
6) Må sjekka mail.
7) Manglar refleks.
8) Vondt ein eller anna plass i kroppen.
9) Eg e mørkredd.
10) Eg har ikkje lyst.

Til bursdagen min ønsker eg meg viljestyrke. Og no blei det jammen meg opplett og. Søren.

Tuesday, January 09, 2007

Nok no...

Dag 73 på rad med regn i Bergen. No er det ikkje morsomt lenger.
Humøret mitt tåler ikkje meir regn no. Siden nyttårsforsettet mitt var å slutte med alt som var gøy, for å starte et sunnere liv, så takler eg dårlig å komme klissvåt på lesesalen kvar dag.

Tidligere kunne eg kanskje sjå et snev av humor i at paraplyspilene blåser inn i nese, øre og munn, og at skjørtet blåser opp under armene mine. Ikkje no lenger. No er eg dritt forbanna lei av regn. Og det fører til ein kjedereaksjon som blir til slutt at eg er dritt lei av folk. Folk irriterer meg.
Til deg som sitter og skriver tekstmeldinger på lessesalen. I EIN forbanna time: Slutt. Om du ikkje er tenkt til å lese likevel, så fløtt deg og slutt og irriter meg. Gå i kantina og sett deg.

Til Lånekassen: Kor lang tid tar det å behandle ein søknad berre fordi eg skal ta 25 studiepoeng i stadenfor 30 dette året? Det tok MEG tre minutt å rekne ut kor mykje mindre eg skal ha. Eg vil ha pengene mine NU.

Til FrP: Flott at de og fant ut at global oppvarming ikkje var ein så forbanna god idè likevel. Var det dårlig skiføre som gjorde det kanskje? For det var vel det som måtte til for at Ola DUM skulle få augene opp . Tsunamier, jordskjelv, orkaner? Nei... Det er naturlige svingninger. Men kødder de med skimulighetene våre??? Nei DÅ må vi gjere noko. Så 73 dager med sammenhengende regn og grønne alpintbakker måtte det til for at folk flest skulle begynne å tenke litt lengre enn kjøttpriser og vegavgif. Gratulerer.
Folk flest irriterer meg.

Eg vil ha snø. Eller Sol. Eller ein hamburger.

Wednesday, January 03, 2007

Insomnia

Eg er vant til faste rammer i kvardagen min. Eg er faktisk veldig glad i dei faste rammene i kvardagen min.
Liker å stå opp mellom 6.30 og 6.59 (Må sjå 6- tallet på klokka når eg står opp, ellers så føler eg at eg er seint ute). Vil helst i seng rundt kl 23.

Juleferien har vært prega av et fullstendig fravær av faste rammer. Sein i seng. Seint opp. Kanskje ein lur midt på dagen.

No prøver eg å komme inn i min vanlige døgnrytme igjen, sånn at den e på plass til mandag. Må snu den litt liksom.
No lurer eg bare på kor i all verden eg skal snu den til. Er det sånn at kroppen min har opparbeidet seg et enormt søvnlager, så uansett kor lenge eg ligger i sengen min om natten så finner kroppen null behov for å sove? Skal eg ligge og fortvile av meg all den søvnen kroppen min ikkje trenger no heilt til den har brukt opp lageret og finner ut at no er det på tide med de 6-7 timene i døgnet igjen?? Hæ?? Skal eg??

Aldri. Meir. Sove. Lenge. Må. Sove. No.
Vil. Ha. Kaffi.