Lenes verden

Dette er ein blogg.

Wednesday, June 28, 2006

Ut i naturen


Negative ting med å leve ute i naturen:

- Leirplassens sanitærforhold fører til at vasking av hår og kropp må foregå i vatn. ORDENTLEG VATN I SKOGEN.

- Sola har stått på heile dagen, du vil ha deg ein middagskvil i teltet. Teltet er 50 grader.

- Standaren på dei offentlege toaletta gjer at du så lenge som mogeleg prøver å la være å måtte bruke dei, så kombinert med mykje vin - faren for urinveisinnfeksjon er stor. (Men vegd opp mot dei infeksjonane som kan befinne seg på eit utedo, jatakk)

- På vestlandet har vi små mygg. Dei klør, men dei gjer seg med det. På austlandet har dei svære beist av nokre blodsugarar. Resultat: Kjempeallergisk reaksjon, kan ikkje gå med sko på fire dager.

- Det finnes ikkje ein einaste stikkontakt til å sette rettetanga i, så folk med naturleg fall i håret (meg) ser ut som ein avdanka puddelrockar i fleire dagar.

- Ingen viser fotball VM.

Positive ting med å leve ute i naturen:

- Når ein kjem heim kan ein fortelle alle ein kjenner at ein har lagt i telt i tre dager, og dei blir veldig imponert og trur du er eit friluftsmenneske.

Thursday, June 15, 2006

Morsomt :)

På onsdag reiser eg austover for å vera med på senterungdommen sin sommarleir i Eidsfoss. (I år skal eg ha teltstenger med...)

Før eg gjer min entrè der, skal eg til Sverige for å handla... Ser de ironien???

Eg har fått grei beskjed av min kjære Tor Erik at eg berre får handla alkohol og tobakk. INGEN varer det norske landbruk kan produsera sjølv.

Og moralen er...???

Betre med dobbeltmoral enn ingen moral :)

Wednesday, June 07, 2006

Korleis bli ein sexy fotballsupportar???


Side 2 har tips til korleis få oppmerksomhet av mannen din no når Fotball VM begynner.

Et lite triks er visst å ta på seg spisbart undertøy. What???

Eg skal sjå fotball sjøl eg. Noko særleg sexy greie kjem eg tvilsamt til å gjere ut av det heller.

Eg får sommarferie samme dag som VM byrjar. Eg skal drikka øl, rapa og vera vulgær og sjå på fotball kvar dag.
Om eg tek på meg dropseundertøy så blir det i såfall ei naudløysing om me går tom for chips...