Lenes verden

Dette er ein blogg.

Friday, July 09, 2010

10 ting som plager meg med Twilight

Etter å ha hatt besøk av mi kjære niese på 11 år i to veker, så har eg hatt den "glede" av å ha fått sett dei to første twilightfilmane. Som oppladning til den tredje som ho skulle sjå på kino. Eg sendte ho og Stian mens eg var på jobb :-D

Ok. Listo.
1) Heilt seriøst. Han e krittkvit, og augene lyser nesten rødt. Har du ein sånn i klassen, så bare VEIT du at det er ein vampyr. Herlighet. Visst han faktisk hadde vore interessert i å "skli inn" så hadde ha tatt litt solpudder på seg. Bare litt.

2) Belle. Makan til grinete emo- kvinnfolk skal du leita deg gjennom mange tenåringsfilmar  for å finna altså. Eg har lyst å rista ho, gje ho vitamintilskudd og putta ho i et solarium.

3) "Kjærleiken". Etter å ha kjent kvarandre i tre og eit halvt minutt så kunne dei ikkje vera frå kvarandre uten at dei var villig til å ofra både liv og sjel for kvarandre.  Nope. Sånn fungerer det ikkje. Ikkje blant menneske, og tvilsomt blant vampyrar.

4) Ansiktsuttrykket til Belle. Ho har berre eit. "Needy og deprimert"

5) Varulv - vampyr greiene. Ka e oddsen for at du først forelskar deg i ein vampyr, og deretter i ein varulv? Haha. Eg ler.

6) Belle.

7) Belle

8) Belle

9) Belle

10) At eg etter å ha sett dei to første (og eg hata dei- eg lover) så veit eg med meg sjølv at med ein gong den filmen kjem på viasat, så kjem eg til å sjå den tredje også :-(

4 Comments:

  • At 12:52 AM, Anonymous Team Jacob! said…

    Ho heiter Bella! Og han kunne like greit vore ein albino. Kem fargar vel ikkje håret sitt i desse dagar?
    Les bøkene, dei er mykje bedre.(Ein annan nyanse av drit)

     
  • At 1:39 AM, Anonymous Trinemor said…

    Eg må bare sei..har bare sett einaren, og syns den var dritadårlig..MEN så las eg bøkene, og dei va sinnsjukt goe...litt treige i starten men tok seg absolutt opp...:)

     
  • At 10:23 AM, Anonymous Gry said…

    Lene blogger, Lene blogger tamtatam!

     
  • At 11:04 AM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Team Jacob: Nope. Albinoar har ANDRE særegne trekk. Eg hadde hvertfall skjønt med ein gong at det var ein vampyr. Ho heite sikkert BellA, men ho e like slitsom uansett.

    Trine: At bøkene er bedre, trur eg lett på. Sånn er det stortsett :-)

     

Post a Comment

<< Home