Lenes verden

Dette er ein blogg.

Monday, February 19, 2007

Den dagen eg fekk first price til middag....

Det beste med å vera heima på Hundvin og ha lesedagar er at ein får ferdig servert god middag kvar dag.
I dag var unntaket.
I god tru sat eg meg ned med bordet. Tok poter og salat på tallerkenen. Eg såg pappa setta skeia ned i fiskegratengen, og tenkte med ein gong at her er det noko som ikkje stemmer.
- Det der er ikkje findus god gamaldags fiskegrateng? seier eg.
- Nei... Seier Pappa.
Bror min, Stian, ser vantru på han og seier med angst i røysta:
-Kva merke er det då?
- First price, svarer mamma.
Eg og Stian ler høgt.
- Slutt og kødd, seier eg.
- Det er sant, Dei kosta 10 kroner stykke, seier mamma. Men eg høyrer at ho angrar ho og.
- Både eg og Stian ser vantru på den dirrande blaute massen. Men me tar no eit par gaflar.
Eg ser opp på mamma og pappa og seier alvorleg til dei,
- Lov meg at de aldri meir gjer dette.
Dei ser på oss og nikkar. Dei har forstått.
- Lurer på om katten vil ha det, seier Pappa.

Det ville den ikkje.

5 Comments:

  • At 2:29 AM, Anonymous Anonymous said…

    Ståle å Danhild då!!! Uff, eg veit ikkje ka eg ska sei. Da e bra vi lere av feilo våre.

     
  • At 12:01 AM, Blogger Monica said…

    Burde kanskje heitt "Last Price"??







    *lermegihelavmegsjølv*

     
  • At 8:14 PM, Anonymous Anonymous said…

    http://www.lisle.no/heidikarethe/?p=300
    Eg anbefale nr 8 t deg, eg e ein lost case.

     
  • At 10:49 PM, Anonymous Anonymous said…

    Hei lenemoren...
    hint hint...no e Findus goe gamle på tilbud på Joker'n...;)

     
  • At 11:28 AM, Anonymous Anonymous said…

    Shit happens...

     

Post a Comment

<< Home