Lenes verden

Dette er ein blogg.

Tuesday, April 18, 2006

Butikkhumor...


Denne påsken har eg vore heima og jobba på Butikken etter gammalt.

I den forbindelse har eg ei oppfordring til alle butikk-komikarar der ute. Vitsane dykkar er ikkje morosame, så SLUTT!

Her er nokre strålande eksempel. Det går ikkje ein dag utan at desse klassikarane dukkar opp.

- "Vil du ha pose?"
- "Ja, eg får det nok ikkje med meg i lommene"

Nei, det trudde eg då heller ikkje, men sidan posar kostar pengar, så hadde det vore frekt av meg å ta betalt for varer du ikkje ville ha. DIFOR SPØR EG FØRST!

Så, ein anna go`bit.

- " Vil du ha kvitteringen?"
- " Nei, eg får ikkje pengar att på skatten! (humre humre)"

Eg er fullstendig klar over at dei færraste kan skriva av matvarer på skatten sin, men eg spør i tilfelle du er ein av dei personane som skriv rekneskap, eller skal dobbeltsjekka at eg ikkje har tatt betalt for ein melk for mykje.

Og sist men ikkje minst:

"Eg vil ha ein lotto. Med gevinst" (ha ha ha)

ALVORLEG TALT! Hadde eg hatt evnen til faktisk å laga lottokupongar "med gevinst", så hadde eg vel laga ein til meg sjøl for lenge sidan, og ikkje stått her og jobba i ferien min???

Takk til skule og ungdomslag som har lært meg skodespelarkunsten. Sjølv om eg ikkje kom meg på Nationalteateret, så lovprisar eg dykk kvar gong eg set meg i kassen på butikken.

3 Comments:

  • At 12:20 AM, Blogger Geir Pollestad said…

    ÅÅÅ nogen andre au så kan dei vitsane...

     
  • At 1:11 AM, Anonymous Anonymous said…

    Hei Lene..flink du e...eg e imponert..å bare så du vett...du ligg under favoritter...eh..for eg vetsje kossn eg kan lagre adressen uten..men men..uansett..må kose deg masse masse i mårgo...
    klem

     
  • At 1:52 AM, Blogger Unknown said…

    Hei Lene!
    hehe, skattevitsen e vist universal:) Sjøl ellers så trauste "næsinga" drar på me den i ny å ne:)Ikkje nokka å sei på blandevannsfesten, anna enn at den va strålende!

    --Marte--

     

Post a Comment

<< Home