Lenes verden

Dette er ein blogg.

Tuesday, March 28, 2006

Kven er eg?


Alle har vel stilt seg sjølv det spørsmålet i blant. Eg trur eg har funne svaret!

spray.no har ei rekke personlighetstester, og etter å ha tatt dei viktigaste, så trur eg at eg har klart å danna meg eit bra bilete om kven Lene Fløysand eigentleg er.

I frustrerte fruer er eg Edie. Eg kler meg utfordrane og er frekk i kjeften. Rett og slett ei bitch :)
Min mentale alder er 26 år.
Eg er middels blond. Men eg er viss godt i gang..! Eg må oppdatere shoppinga litt, og investere i nokre rosa, fluffy saker.

Når det kjem til det periodiske system, så er eg oksygen. Eg bind meg lett til likesinna.

Av dødssynda, så er eg utukt....
Men eg trur ikkje det gjer så mykje, for eg er verdt 5 kameler.

Eg vart overraska sjølv, men eg er faktisk like sexy som Brad Pitt og Claudia Schiffer.
Dessutan har eg visst mange likhetstrekk med Jesus.

Når det gjeld godteri og bakeverk, så kjem eg ut sm søte bjørnar og bollar. Litt tradisjonell altså.

Min sosiale intelligens ligg på 42. Litt over gjennomsnittet.

Men det eg vart aller mest overraska over er at spray.no kunne fortelje meg at eg er GRAVID! Shit!!!!
Eg er tilsynelatande så gravid at det er merkeleg eg ikkje ser det sjølv. Men dette kan nok forklarast med at eg befinn meg i ein fornektelses-fase. Fekk deretter grei beskjed om å ta depresjonstesten!

Då fann eg ut at eg ikkje vil veta meir om meg sjølv... ... ...

Thursday, March 23, 2006

Robbie!!


Eg blei nettopp innringer nr 10 i Radio 1 sin Robbie Williams konkurranse! Det betyr at eg er med i trekningen av å bli Radio 1 sin reporter på konsertene hans i Paris, Dublin, Amsterdam og til slutt på Ullevi i Gøteborg i sommer!!!!

Eg var et øyeblikk redd for at eg var den eldste innringeren, men det kunne den snille radio-damen fortelle meg at eg ikkje var!


Så, eg e ikkje LITT flau ein gang, om noen syns eg burde vært det (les:Martin)

Trekninga er 7. April! Om eg vinn skal eg smile kvart våkne minutt heilt fram til jul!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Wednesday, March 22, 2006

Kræsj!



Eg kræsja i går!

Ikkje sånn som på film, men like forbanna ein kræsj! Var ikkje mi skyld ein gang. Bil framfor meg sklei på motorveien (som var så glatt at de stengte den). Solidarisk som eg er, begynte eg å skli rundt og rundt i lag med han.

Vurderer å sjukemelde meg pga posttraumatisk angst-sjokkanfall.
Men det gjorde eg forøvrig på mandag også etter helgens utskeielser...

Men bilen er i det minste ikkje nevneverdig skada!

Thursday, March 16, 2006

Champagne til besvær


Eg er veldig interessert i få veta salstala til Ringnes sin Villa Champagnebrus.

Det har seg nemleg slik at denne brusen snik seg inn på dei merkelegaste stader.
Opp til fleire gonger har det no hendt at meg og mine medarbeidarar har trykt på "pepsi max" på brus-automaten, og dettande ned kjem denne champagnebrusen.

I motsetnad til Pepsi max er denne champagnebrusen stappfull av karbohydrat, noko eg for tida er motstandar av. Så det ender med at den må stå urørt til neste blandevatnfestival.

Til tross for at me har gitt beskjed til dei brusautomat ansvarlege, så forsvinn ikkje problemet. Hadde det i det minste vore eit system, at kvar tredje brus under pepsi max er ein villa champagne, så kunne eg til ein viss grad ha levd med det. Men det er fullstendig vilkårleg. Dessutan hadde det vore forferdeleg vanskeleg å fylgje med på dette systemet, då eg har ein sterk mistanke om at dei i studvest også prøver å få tak i ein pepsi max av og til.

Om det er slik at Ringnes har problem med å få solgt champagnebrusen sin, så tykkjer eg dei heller skal ta ei revurdering av produktet i stadenfor å snikselja den i automatar til uskuldige menneske som gjer sitt beste for å styre unna karbohydratar.

Men om nokon plutseleg skulle få lyst på Villa champagnebrus er det berre til å ta ein tur innom NSU sitt kontor... ... ...

Wednesday, March 15, 2006

Folkeskikk

Alle blir irritert når siste flyet fra Oslo til Bergen er forsinka og man må sitte og vente til langt over midnatt. Likevel er det ingen grunn til å avfeie folkeskikk som et virkemiddel i ventetiden.

Scenario: Sittegruppe med 8 seter. 6 av dem er ledig. Søt middelaldrene dame sitter og venter på mannen sin som satt attmed henne, men er en liten tur i kiosken.
Brautende forretningsmann kommer og har tydeligvis tatt sikte på plassen attmed søt middelaldrene dame.
Dame sier forsiktig: "Unnskyld, men mannen min sitter egentlig der..."
Forretningsmann svarer: (høgt og sint) "Det sitter ingen der no, så her setter eg meg"!
Dame sier forsiktig: "Men han er bare rett borte i kiosken"...
Mann svarer: (høgt og sint) "Han kan sitte der"! (peiker på et av de ledige setene, slenger fra seg taxfree-posen, drar fram laptopen og setter seg hardt ned)

Eg blir provosert kjenner eg......

Lene har lyst til å gjere: Smile fiiint til forretningsman og si i en belærende tone: " Vi er alle litt gretten for at flyet er forsinka, men ethvert voksent menneske med respekt for seg sjøl, tiltaler ikkje andre voksne mennesker på den måten du nettopp gjorde. Hadde mor di hørt deg no, hadde ho skammet seg over deg.
Så, med et litt mer hånlig tonefall: "og forresten du, den laptopen der gjekk ut av produksjon for 10 år siden, så om du skal leke viktig forretningsmann, så bør du hvertfall sørge for at utstyret ditt ikkje røper at du er en middelmådig kontorrotte i et ubetydelig firma som tjener max 300 000 kr i året. Og ein ting til- den dressen der er vel ikkje akkurut skreddersydd, er den vel? Nyttårssalg på dressmann, seint på 90-tallet ein gang? Og kjææære deg. Det er ikkje ok med joggesko til dress, sjølv om dei er svarte.

Dette gjer Lene: Stirre med et himmelfallent blikk på mannen heilt til det hovne uttrykket forsvinner fra ansiktet hans og blir erstatta med et usikkert nervøst uttrykk.
Flytter så blikket ned mot føttene, mens eg tydelig prøver å vise at det er et eller annet i det området eg finner underholdende. Dette fører til at mannen begynner å dra i buksebeina sine, tydelig flau over at de er for korte. Til slutt stuper eg ned i boka mi gjen, men passer på å se opp på mannen med et hånlig blikk med jevne mellomrom. Til slutt reiser mannen seg og går med nedslått blikk... ... ...

Ah...... Av og til kan blikk sei så mykje meir enn ord.

Wednesday, March 08, 2006

Kjedelig Kvinnedag...



Æsj.... Til no har det vært ein skikkelig kjedelig Kvinnedag.

Eg har ikkje funne noko som har klart å provosere meg. Kvinnegruppen Ottar har ikkje ødelagt ein einaste sexbutikk. Dette pleier å provosere meg fordi det er så forferdelig sjølvmotsigande.

Full respekt for Ottar sin kamp for å gjere mannen overflødig, men er det noko som bidrar til å sette punktumfinale for mannens nytteverdi, så er det vel dildoer ???

"Modellsjefen" i Bergen har prøvd å terge på seg Ottar ved å oppfordre silikonbabes til å melde seg inn i organisasjonen. Dette er bare på grensa til å irritere meg. Silikonbabes med samme politiske standpunkt i kvinnesaken som Ottar må gjerne melde seg inn. Silikonbabes -eller andre- som vil gjere det for å latterliggjøre organisasjonen, de må lære seg folkeskikk.

Nei, Kvinnedagen har til no skuffa meg. Når denne dagen får oppmerksomhet pga silikon og ikkje tvangsekteskap, så er det kanskje på tide å finne på noko nytt...