Champagne til besvær
Eg er veldig interessert i få veta salstala til Ringnes sin Villa Champagnebrus.
Det har seg nemleg slik at denne brusen snik seg inn på dei merkelegaste stader.
Opp til fleire gonger har det no hendt at meg og mine medarbeidarar har trykt på "pepsi max" på brus-automaten, og dettande ned kjem denne champagnebrusen.
I motsetnad til Pepsi max er denne champagnebrusen stappfull av karbohydrat, noko eg for tida er motstandar av. Så det ender med at den må stå urørt til neste blandevatnfestival.
Til tross for at me har gitt beskjed til dei brusautomat ansvarlege, så forsvinn ikkje problemet. Hadde det i det minste vore eit system, at kvar tredje brus under pepsi max er ein villa champagne, så kunne eg til ein viss grad ha levd med det. Men det er fullstendig vilkårleg. Dessutan hadde det vore forferdeleg vanskeleg å fylgje med på dette systemet, då eg har ein sterk mistanke om at dei i studvest også prøver å få tak i ein pepsi max av og til.
Om det er slik at Ringnes har problem med å få solgt champagnebrusen sin, så tykkjer eg dei heller skal ta ei revurdering av produktet i stadenfor å snikselja den i automatar til uskuldige menneske som gjer sitt beste for å styre unna karbohydratar.
Men om nokon plutseleg skulle få lyst på Villa champagnebrus er det berre til å ta ein tur innom NSU sitt kontor... ... ...
3 Comments:
At 9:03 PM, Anonymous said…
Jeg liker sånn brus! Du får ta de med når du skal komme opp på skolen for å spise lunsj :)
At 10:35 AM, Anonymous said…
Jeg liker at jeg ler av bloggen din, det er veldig bra når jeg ellers sitter å kjeder meg litt... klem mari
At 3:39 PM, Anonymous said…
Du e litt rar du Lene:) Hehe, en genial blogg dette:)
Men for all del jeg ser problemet:)
Post a Comment
<< Home