Upassende latter!
Eg ler mykje.
Det er i og for seg ein bra ting.
Men av og til ler eg på tidspunkt der det absolutt ikkje passer seg med latter. Alle kjenner vel til "begravelseslatteren". "Gammel-dame-dettpå-isen-og-slår-seg-latteren". "Eg-har-2-timer-igjen-av-eksamen-og-er-ikkje-halvferdig-latteren"
I går klarte eg og finne enda ein rar plass å le på. Meg og Nina var på Kino og såg "United 93". Ein heilt grei film forresten. Eg tok meg i å synes at det var spennande sjølv om avslutningen er relativ åpenbar.
På slutten av filmen etter ein veldig dramatisk kamp styrter som kjent "United 93". Og der slutter faktisk filmen. Etter den styrten blir filmen heilt stille. Og då meiner eg HEILT stille, ingen avslutningsmusikk. Kinosalen er tyst- bortsett fra meg som brest ut i latter. Klarer ikkje stoppe.
Eg spurte ei litt flau Nina om ho kanskje trudde at dei andre i salen trudde at eg grein. Tvilsomt.
Dei trudde vel eg var medlem i SU...
3 Comments:
At 4:59 PM, Anonymous said…
Æ elske lattern din, upassaness eller ei :)
E jo ei logisk forklaring på det da, æ elska jo dææ ;)
*suss*
At 9:53 PM, Anonymous said…
Hahahahahahahahaha!!!! Eg hadde elska å vert der. Du e så god, å svært langt fra normal.
At 10:44 AM, Anonymous said…
Dette var bare typisk deg Lene:P
hehe
Post a Comment
<< Home