Må ha ein skrittellar
La meg først sei at eg hadde forbanna meg på at eg aldri skulle kjøpa meg ein, men problemstillinga får ein jo til å tenka. Kor mange skritt går eg egentlig i løpet av ein dag?
Slike skrittelleleikar er jo like undervurdert som kor lenge du kan holde pusten- leikar.
Underforstått så tok nysgjerrigheten meg, og eg har heile veka jobba med å tella skritta mine til og fra jobb.
Dette har vist seg å by på forskjellege problem.
1) Når eg teller inni meg og kjem opp i firehundreogsøttiseks foreksempel, så går eg skikkelig seint for at eg skal ha telt talet ferdig før neste skritt. Dette fører til at eg bruker ekstra lang tid til jobb.
2) Lyskryss. Eit forstyrrande moment som ofte fører til at eg kjem ut av tellinga. Ender ofte med at eg blir så forvirra at eg går stille på staden for ikkje å komma i utakt.
3) Treffe kjensfolk på vegen. Folk har liten forståelse for at det første eg seier til dei når eg treff dei er SEKSHUNDREOGSØTTITRE! HUSK DET!
4) Butikken. Skal eg tella med skritta eg tar når eg blir nødt til å ta turen innom butikken? Dette vil i så fall gjera det vanskeleg å rekna ut gjennomsnittet, då det ikkje er kvar dag eg stikk innom butikken, og andre dagar stikk eg gjerne innom fleire.
Om ikkje dette er gode nok grunnar til å kjøpa noko så populistisk og unyttig (men dog så interessant) som ein skrittellar, så veit ikkje eg!
3 Comments:
At 3:09 PM, Anonymous said…
Hm, - bare meg som synes skritttelling e litt ufint?
At 3:28 PM, Anonymous said…
JA Kim!
At 1:32 PM, marihelen said…
Skritteller utfordring er herved sendt. Og der betyr at vi må kjøpe oss hver vår......
Post a Comment
<< Home