Lenes verden

Dette er ein blogg.

Monday, September 04, 2006

I hate Mondays

Når ein vaknar lørdag morgon med ein hjulkapsel i senga og olje i håret, blank i hukommelsen, så dukkar det ei rekke alternativ opp i hovudet.

1) Eg har prøvd å skifta/stjela dekk...
2) Eg har prøvd å stjela ein bil...
3) Eg har kanskje fiksa den ledningen til spylevæska i natt?
4) Eg har prøvd å få med meg ein bilmekanikar heim...

Det beste alternativet

5) Slutt og drikk og begynn å oppfør deg som eit normalt vakse menneske.

Neeeeeh!

2 Comments:

  • At 11:14 AM, Anonymous Anonymous said…

    Kanskje du bara fekk lyst på en hjulkapsel... det var vel lettmetall?

     
  • At 1:56 PM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Eg trur faktisk det var ein av plast som er kjøpt på Biltema...

    Eg har lenge mangla ein sjølv, så det kan jo hende at det var det som var motivet...

     

Post a Comment

<< Home