Lenes verden

Dette er ein blogg.

Monday, November 13, 2006

HELVETES HANDELSSTAND! JULA ER ØDELAGT!

Lerum julebrus blir ikkje å finna i butikkane i år. Ikkje på grunn av Lerum sjølv, men på grunn av de griske store butikkjedene som allerede er godt i gang med å ødelegge jula med å sette fram pepperkaker og faenskap i oktober.
Då ryktene om at det ikkje ville koma Lerum julebrus i år, sendte eg sjølvsagt ein mail for å få avkrefta dette snarast. Eg må innnrømma at aggresjonen mot Lerum begynte å bygga seg opp medan eg sat der i uvisshet og venta på svar. Og svar kom. Det blir IKKJE Lerum julebrus i år, " Grunnen er at kjedene ikkje vil betale for våre produksjonskostnader ogdet seier seg sjølv at vi ikkje kan produsere med tap", lyder svaret.

Altså- ikkje Lerum si skyld, men den HELVETES HANDELSSTANDEN. Dette hadde nok aldri skjedd om vi bare hadde hatt samvirkelag i Norge...

Eg kjem ikkje til å la dette gå ubemerka hen, og eg vil bruka heile førjulstida mi på å klage til butikkar på at julebrusen manglar i deira sortement , brev skal sendast, underskrifter skal samlast. Eg håper ALLE som har eit forhold til Lerum julebrus vil gjera det same, så kanskje neste år vil butikkane ta klagemarsjen til følge slik at Lerum kan produsere julebrus til neste år.

5 Comments:

  • At 11:08 AM, Anonymous Anonymous said…

    Dette trur eg kanskje er din viktigaste politiske sak nokon sinne Lenemor :)

     
  • At 6:28 PM, Anonymous Anonymous said…

    Det beste er jo at du faktisk gjør noe med det:-) pass på å nevne at du er leder i Hordaland Senterungdom og opptatt av det lokale!!

     
  • At 5:04 AM, Anonymous Anonymous said…

    Kjemperespons på opproplisten din da.Dette må du vere stolt av lille venn. tom Tone Damli Aaberge...det er jo nesten flaut e d ikkje...;)

     
  • At 12:58 PM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Kjemperespons er vel mildt sagt :) Flaut??? Ikkje om eg får Lerum julebrus til jul, då er det verdt det ;)

     
  • At 2:54 PM, Blogger apples said…

    Kan ikke si jeg husker Lerums julebrus... selv er jeg på jakt etter Grans - den finnes visst bare ikke i sentrum av Bergen.

    Noen ting MÅ man bare ha til jul!

     

Post a Comment

<< Home