Lenes verden

Dette er ein blogg.

Wednesday, November 15, 2006

No blir det julebrus :)


Etter ein aksjon som tok fullstendig av, så er det no klart at det kjem Lerum julebrus i butikkane i år!
Ein fantastisk seier!!! Det skulle berre seks radiointervju, eit oppslag i BT, eit intervju med Vestlandsrevyen, og godt over TOTUSEN underskrifter til!!!


Sjå ka Lerum skriv på sine nettsider:
JULEBRUSEN KJEM-
I Lerum er vi overvelda over responsen på julebrus-aksjonen. Vi er difor svært glad over at vi i dag kan fortelje at julebrusen frå Sogndal kjem i god tid før nissen, lovar Jan Petter Vadheim, administrerande direktør.
I haust såg det ut som julebrusen frå Lerum var historie. No snur Lerum, og legg seg flate for at fleire tusen menneskje dei to siste døgna har gjeve sin støtte til Folkeaksjonen for Lerum julebrus.

Juletradisjon
- I Lerum var vi ikkje klar over at julebrusen så sterkt var ein del av folks juletradisjon, på linje med pinnekjøt og ribbe. Vi er sjølvsagt glade for at det no vert laga ein julebrus som så mange har sterke og gode meiningar om. Så no vert det julestemning også for alle våre julebrus-entusiastar, seier Jan Petter Vadheim. Sidan tysdag har det hagla inn fleire hundre epost-meldingar frå heile landet. Folk skreiv og sa dei var redde for julestemninga. Noko liknande har Lerum Fabrikker aldri opplevd i si snart 100 år gamle historie.

Jublar
Den unge kvinna som står bak heile aksjonen, Lene Fløysand (23), jublar over julebrus-nyhendinga frå Sogndal.
-Ein gladmelding. No er min og mange andre sin julemiddag redda. Julebrusen er ein stor tradisjon, seier den unge jusstudenten frå Bergen.

Jan Petter Vadheim i Lerum delar synet. Han trur den storslagne
folkeaksjonen har sikra julebrusen frå Sogndal evig liv.

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR ENGASJERT SEG I JULEBRUSAKSJONEN!
NO BLIR DET JUL ALIKEVEL!!!!!!!!

8 Comments:

  • At 4:38 PM, Anonymous Anonymous said…

    Hehehehehehehehehehehehehehehe! Fantastisk :D

     
  • At 6:37 PM, Anonymous Anonymous said…

    VEEEELDI BRA JOBBA!!!!!!

     
  • At 7:34 PM, Anonymous Anonymous said…

    Du er flink du Lene:) Regner med at Lerum sender deg ett par kasser som takk for at du sto på;) Da vil jeg være med å drikke de opp;)hehe

     
  • At 7:52 PM, Blogger Bexy said…

    Nå er det jul igjen, å nå er det jul igjen, å jula varer helt til påske!!!:) skål(me lerum julebrus sjølvsagt:)

     
  • At 7:22 PM, Anonymous Anonymous said…

    http://www.adressa.no/nyheter/trondheim/article755556.ece

     
  • At 7:32 PM, Blogger Lene F. Sylta said…

    Til deg som gav link til adressa: Hehe! Julebrus er tydeligvis et hett tema uansett sted, farge eller smak :)

     
  • At 9:06 PM, Anonymous Anonymous said…

    Haha.....du er fantastisk! Må le, altså...

     
  • At 1:25 PM, Blogger marihelen said…

    OPPDATER!!!!!!

     

Post a Comment

<< Home