Lenes verden

Dette er ein blogg.

Monday, October 30, 2006

Jamen....


Ser at Terje Søviknes vil bruka 60.000 kommunale kroner på å gje folk på Os oransje paraplyer til fri bruk.

Det er jo ein fin tanke, men i Bergen er det sånn at alle paraplyer er gratis. Skal du ut i regnet og det står ein paraply ved døra, så tar du den med deg.

For har nokon satt fra seg paraplyen, så betyr det at dei ikkje har bruk for den lenger. Heilt uten at kommunen må regulera dett på noko som helst vis!

Så du treng ikkje bruka kommunale kroner på slikt Terje!
Bruk heller dei pengane på minstepensjonistane i Os som du er så opptatt av. Du finn vel kanskje ein eller to om du er heldig...

Wednesday, October 25, 2006

Interessant :)

Tok ein sånn "Tibetan personality test" i dag.

I følge testen er mine prioriteringer i livet denne rekkefølgen:
1) Familie
2)Karriere
3)Kjærlighet
4)Penger
5)Stolthet

Det er godt å veta at eg sett Karriere foran kjærlighet og at eg ikkje har stolthet i livet ;D

Min personlighet er trofast.
Min partners personlighet er kosete. (Kan denne vennligst melde seg snarest???)
Mine fienders personlighet er ekle.
Mitt syn på sex er at det er livsnødvendig. (Ok.... trudde ikkje det var så gale fatt med meg, men eg ser poenget!)
Mit eget liv er i følge testen deilig og ustabilt.

Marit er min "true friend", og Gry kjem eg til å aldri til å glømme, Og Nina vil eg alltid huske.
Kem som blei min "true love" og kem som blei min "soulmate, ja det kan de jammen meg få lura på. Vil jo ikkje utlevera meg sjølv heller ! :P

Sunday, October 22, 2006

Bergen koker!


Sitter på kontoret og jobber litt mens eg venter på å reise opp til stadion. Du veit det er ein bra dag, når du åpner døren og hører det ljomer fra fotballpuben et par gater bortenfor VI E BRANN BERGENS STOLTHET! NITTEN SEKSTITREEEEEEEEEEEEEEEEEE.

Det går ikkje an å la være å smile! Skjønt, litt satt ut blir eg når fremmede menn i fullt supporterutstyr kommer bort på gata og kysser meg og skriker KEM VINNAR I DAG? inn i øret mitt...

Så er det bare å be til høyere makter om at stemningen i sentrum er like god kl 22 i kveld.

HEIA BRANN!!!

Friday, October 13, 2006

Overstrykningsmetoden

Då eg gjekk på skulen var det gøyaste eg visste å få nye lekseplaner. Grunnen til det var at det var ein fryd kvar gong eg kunne tusje over det som stod på planen etter at eg hadde gjort leksene mine.

Denne metoden har eg gjenopptatt! For kvar dag lager eg ei liste over alt eg skal gjere, og stryker over det når eg er ferdig. Og VIPS, arbeids og skuledagen blei straks mykje gøyare!

I dag har eg til no strøket over:
- Intervjue Trygve om utdanningspolitikk
- Bestille "stasj" til årsmøtet fra Hilde
- Lag til litt info til Rebecca
- Ring til folk frå Os

Kvardagen har sjølvsagt endra seg sidan den gong eg kunne stryke over
- Spørsmål 1-5 om fylker i o-fag
- side 42-45 i 1-2-3 boka
- intervju ein pensjonist om gamledagar

Men likevel, fryden er den same, og eg gleder meg allerede til å lage liste for i morgon!

Friday, October 06, 2006

Statsbudsjett

Meg og Hermunds offisielle kommentar til budsjettet:

Øystein Kåre er ny i jobben stakkar.

Det var 1500 BOLIGER studentene skulle ha i året, ikkje 1500 KRONER!!!

Thursday, October 05, 2006

Albinoelg!!!



Jegeren som vil skyta denne albinoelgen blir trua med bank av folk som tydeligvis har glede av spøkelseselgen.
Eg for min del syns ikkje denne elgen skal få særbehandling i forhold til dei andre elgane. Men den må jo sjølvsagt få eit like bra utgangspunkt som dei andre elgane i Østfold. Eg ser jo absolutt at denne sjølvlysande elgen har svært dårlege forutsetningar når det gjeld å prøva å kamuflera seg i skogen.

Eg foreslår derfor at det berre skal vera lov til å skyta vanlige elger fram til 1 november, så får ein vente med å skyta albinoelgar til etter at snøen har lagt seg.

"Ulik elg, like kamuflasjemuligheter".