Lenes verden

Dette er ein blogg.

Friday, October 13, 2006

Overstrykningsmetoden

Då eg gjekk på skulen var det gøyaste eg visste å få nye lekseplaner. Grunnen til det var at det var ein fryd kvar gong eg kunne tusje over det som stod på planen etter at eg hadde gjort leksene mine.

Denne metoden har eg gjenopptatt! For kvar dag lager eg ei liste over alt eg skal gjere, og stryker over det når eg er ferdig. Og VIPS, arbeids og skuledagen blei straks mykje gøyare!

I dag har eg til no strøket over:
- Intervjue Trygve om utdanningspolitikk
- Bestille "stasj" til årsmøtet fra Hilde
- Lag til litt info til Rebecca
- Ring til folk frå Os

Kvardagen har sjølvsagt endra seg sidan den gong eg kunne stryke over
- Spørsmål 1-5 om fylker i o-fag
- side 42-45 i 1-2-3 boka
- intervju ein pensjonist om gamledagar

Men likevel, fryden er den same, og eg gleder meg allerede til å lage liste for i morgon!

1 Comments:

  • At 9:55 PM, Blogger Bexy said…

    Blir so stolte når ej e en av dei tinga, som skal strykast ut:)

     

Post a Comment

<< Home