Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, July 27, 2006

Mitt første stup!

I går gjorde eg mitt første stup i heile mitt 23 år lange liv.

Eg har alltid vore ein hoppar. Hoppar lett frå 10 meter, men når det kjem til stuping har eg alltid vore ei pysa. Men i går bestemte eg meg. Broren fann eit passande svaberg, eg bøyde meg ned med armane over hovudet, sikta inn sjøoverflata, og stupte.

Det var verken vakkert eller smertefritt, og latter forekom blant tilskuarane, men det var eit godkjent stup.

I løpet av sommaren skal eg stupa meir.

Punktet "Lære meg å stupe" kan dermed kryssast av på lista over ting eg skal gjera før eg dør.

Eg visste at denne sommaren ikkje kom til å bli bortkasta! Ha!

2 Comments:

  • At 4:27 PM, Anonymous Anonymous said…

    Gratulera! Jeg blir gjerne med å ser på et stup fra brygga på verftet når jeg kommer til bergen!

     
  • At 12:10 AM, Anonymous Anonymous said…

    Stupet var slett ikkje verst det søster, så i den store allmektige scwarzenegger ånd; "no pain, no gain" keep up the practice

     

Post a Comment

<< Home