Lenes verden

Dette er ein blogg.

Wednesday, May 24, 2006

Norges mest entusiastiske statskyrkjemedlem?



I går var eg og mine kjære kollegaer på "lobbetur" til Oslo.

Turen gjekk veldig bra, og eg hadde vore ganske sikker på at resultata hadde kome om det hadde vore slik at det var dei folkvalde som fekk bestemma ting.

Stortingsrepresentantane: "Studentboligar til Bergen? ja, det må me få til", Meir pengar til studentenes psykiske helseteneste? Skulle berre mangle!" " Har studentbarnehagane for lite pengar? Huff, det må vere ein glipp".

Statssekretær i KD : " Eg ser poenget, og eg forstår godt problemet, men om det lar seg gjennomføra er vel ein anna sak..."

Men det absolutte høgdepunktet kom då vår kjære Mari Helen Varøy traff på ein framad stakkar frå "Jesu Kristi kirke av siste dagers hellige". Namnet på denne kyrkja tykkjer Mari Helen er så fantastisk moro at ho fann det naturleg å springa bort til stakkaren for å slå av ein prat.
Stakkaren augna vel at han her var i kontakt med ei likesinna, så han spurte henne så fint om om ho også var medlem av ei kyrkje.
Til dette ropte Mari høgt og tydeleg; "JA!!! Jeg er medlem av statskirka!!!!".

Eg må sei eg vart heilt satt ut. Det er første og mest sannsynleg siste gongen eg høyrer nokon entusiastisk forkynne sitt medlemsskap i statskyrkja midt på plata i Oslo.
Hadde alle medlemmer av statskyrkja vist berre ein fjerdedel så mykje entusiasme hadde debatten om statskyrkjas legitimitet vore lagt daud for godt!

2 Comments:

  • At 5:29 PM, Blogger Maria said…

    Såg at Mari Helen "reklamerte" for bloggen din på msn.... ;) Det der sko eg likt å sett :) Mari (om du lese dette) DU E KUL :)

     
  • At 9:01 PM, Anonymous Anonymous said…

    Bare det at jeg er for å skille kirke og stat da.

     

Post a Comment

<< Home