Lenes verden

Dette er ein blogg.

Thursday, August 17, 2006

Semesterstart

Det er et eller anna med semesterstart.

Sjølv om eg har så mykje kulepennar at eg kan skrive av bibelen uten å gå tom for blekk, så må eg alltid ha ein ny ved semesterstart.
Sjølv om eg har fire fullt brukbare SiB- krus i skapet, så må eg hente meg et nytt i Grieghallen.

Høyden kryr i disse dager av grupperinger som blindt følger etter fadrene sine i rosa, blå og andre fargerike t- skjorter. Fullstendig uvitende om at de bare er der for å få ein unnskyldning for å feste ei heil veke, eller ein lettvint måte å sjekke damer på.

Eg husker med skrekk og gru kordan det var å være fadderbarn på UiB. Du veit ikkje kor ein dritt er. Kor er forelesningssalen? Kor e seminarrom E på dragefjellet? Ka skal eg egentlig bruke studentportalen til? Studentmailen min fant eg i oktober husker eg.
Og det einaste fadderene viser deg er at om onsdagene er det billig øl på News...

Så derfor hadde eg full forsåelse for studenten som stoppa meg utenfor Johanneskirka og spurte meg så fint:

- Unnskyld, men kan du si meg hvor universitetet er?

1 Comments:

  • At 3:26 PM, Anonymous Anonymous said…

    Hehe. Du svarte saa fint du kunne?
    Vi har forresten absolutt ikkje plass t fleire sibkoppa!

     

Post a Comment

<< Home